fredag 22. mai 2009

Hedda Gabler, litt grundigere

Hedda Gabler er hovudperson i dramaet. Ho er datter av general Gabler og er ei yndig frøken som mange menn vil ha. Hedda er gift med Jørgen Tesman. Likevel kallar Ibsen dramaet for ”Hedda Gabler”. Det er nok fordi ho helst skal kjennast som dotter av generalen, enn Tesman sin hustru. På den måten blir ho sett på som ei sjølvstendig dame, og det er ho jo på mange måtar. Ho er ei flott jente med eit skjønt ytre. ”Ansikt og skikkelse edelt og fornemt formet. Hudfarven er av matt blekhet. Øynene er stågrå og uttrykker en kold, klar ro. Håret er smukt og mellembrunt, men ikke synderlig fyldig. Hun er kledd i en smakfull, noe løst sittende formiddagsdrakt” (Sitat fra skoleutgaven, side 16). Ei slik jente er populær blant mennene.

Ho gifta seg med Tesman for ho trengde ein forsørgar og ho trodde han ville nå langt. Hedda sin lykke, og ekteskapet saman med Tesman, avhengar av at Tesman får stillinga som professor/doktor. Det byggjar seg opp ein konflikt i dramaet då dei får vite at Tesman har fått ein konkurrent om stillinga, nemleg Heddas gamle flamme, Eilert Løvborg. Han skriv bøker, og har nyleg skrevet eit manus, saman med Heddas gamle skolevenninne, fru Elvstedt. Manuset får mykje ros, og Løvborg virkar som ein mykje mer vellukka mann enn Jørgen Tesman. Dette likar ikkje Hedda.

Hedda verker ulukkeleg i rollen som Tesman sin kone. Ho er nygift og bor i draumehuset hennar, og burde jo vert glad! I dramaet framstillast det som om ho har gifta seg med ”feil” mann. Ein mann som ikkje kan ta vare på ho slik hu ynkjer. Ho er ein sjølvopptatt og egoistisk person, og oppleves som om ho alltid ynskjer seg noko betre. Noko merr enn det ho allereie har! Når ho ikkje får det slik ho vil, går det ut over dei andre rundt henne. Personene rundt hennar opplever ho gjerne som ein narsisisstisk person. Dei som ikkje blir betatt av hennes vakre ytre og manipulerende ord, er kanskje litt kritiske til ho. På den måten at dei ser koss ho oppfører seg. Det gjer muligens fru Tesman (tanten). Hedda oppførar seg hoven ovenfor andre personer. Til dømes tanten til Tesman, som er ein viktig person for han, når ho kritiserar den nye hatten hennar. Då Fru Elvstedt som er god ven med Løvborg, kjem inn i bilete, oppleves Hedda overlegen og falsk mot ho, slik at ho kan få den informasjonen ho vil ha. Ho utnytter og manipulerer henne, for det er slik Hedda er. Hedda fortell fru Elvstedt at ho ynskjer å ha kontroll over ein menneskjeskjebne. Dette får ho på ein måte, då ho seinare i stykket brenn det gode manuset til Løvborg.

Hedda har vokst opp med ein streng general som far. Ho fekk aldri nokon form for berøring eller kjærtekn i oppveksten, og det sjår man igjen nå når ho e vaksen. Ho verkar like kald og ufølsom som ein general. Ho er muligens redd for nærheiten til menn. Det kan virke som om Hedda eigentleg er ”mannen” i forholdet deira, på måten ho er på. Ho er den dominerande personen, sjølv om dei lev i eit mannsdominert samfunn. Ho har ein del maskuline sidar, til dømes at ho skyt med pistolar når ho vil ha det litt kjekt. Desse pistolane blir ofte nevnt i ulike samanhengar, og etter kvart kan ein tenkja seg at Hedda vil ta sitt eiget liv. Det er slik dramaet ender.

Ingen kommentarer: